Filer

Sammendrag

Det har vore ein jamn auke i talet på mottakarar av AFP gjennom 2000-talet. Ved utgangen av 1. kvartal 2008 mottok 45 700 AFP. I denne perioden har det vore ein auke i prosentdelen kvinner.

Prosentdelen kvinner blant AFP-mottakarar har auka monaleg. Ved utgangen av 1. kvartal 1999 var 41,9 prosent av AFP-mottakarane kvinner, medan prosentdelen hadde auka til 47,0 prosent ved utgangen av 1. kvartal 2008. Denne auken heng truleg saman med at yrkesaktiviteten blant kvinner over 50 år har auka monaleg dei siste 20 åra, noko som gjer at veksten i talet på kvinner som har rett til AFP har vore større enn veksten for menn. AFP-pensjonistar jobbar meir enn for tre år sidan. Ved utgangen av 1. kvartal 2005 vart AFPpensjonistane i gjennomsnitt trekte 7,3 prosent av full pensjon grunna arbeid. Ved utgangen

av 1. kvartal 2008 hadde denne delen auka til 10,2 prosent. Denne auken heng m.a. nært saman med betringa på arbeidsmarknaden i perioden. Dessutan har ein større prosentdel av eldre arbeidstakarar høgare utdanning og meir interessante arbeidsoppgåver enn tidlegare, noko som gjer at fleire ynskjer å stå lenger i arbeid.

Ved utgangen av 2006 var det i alt om lag 40.600 personar som enno ikkje hadde nytta retten sin til å gå av med AFP, medan det gjennom året var om lag 12.000 personar som gjekk av med AFP. Dermed var det 22,7 prosent av dei som hadde rett til AFP i 2006 som og nytta seg av denne retten. Det var stor spreiing mellom fylka når det gjeld å nytta retten til å gå av med AFP. I Buskerud var det nesten dobbelt så stor del av dei med rett som gjekk av med AFP i 2006 (30,1 prosent), medan det tilsvarande talet i Telemark var 15,9 prosent. Dei fleste som går av med AFP går av allereie når dei er 62 år. Høgare alder gjev såleis lågare sannsyn for å gå av med AFP.

Sannsynet for at kvinner går av med AFP, er noko større enn for menn. Effekten er ikkje klart signifikant.

Ein lang yrkeskarriere aukar sannsynet for å gå av med AFP. Dersom ein har ei yrkeskarriere på meir enn 20 år aukar sannsynet for å gå av med AFP samanlikna med dei som har mindre enn 20 år bak seg i arbeidslivet. Effekten er klart større for menn. Dette heng saman med at menn i alderen 62-66 år har ei lengre yrkeskarriere bak seg enn kvinner. For menn minkar høg arbeidsinntekt sannsynet for å gå av med AFP. Inntekt over åtte gonger grunnbeløpet minkar sannsynet for å gå av med AFP samanlikna med dei som har lågare inntekt. Høg inntekt heng ofte saman med høg utdanning og interessante arbeidsoppgåver, faktorar som gjer at eldre står lenger i arbeid. For kvinner finn vi derimot ingen tydeleg effekt av gjennomsnittsinntekta dei siste tre åra. Midtsundstad (2005) finn derimot at inntekt påverkar pensjoneringsalderen positivt blant kvinner.

Me finn at jo høgre kompensasjonsgrad, jo høgre er sannsynet for å gå av med AFP. Kompensasjonsgraden er signifikant berre for kvinner. Dette inneber at desto større nettopensjonen er i høve til netto arbeidsinntekta desto større er sannsynet for å gå av med AFP.

Tidlegare undersøkingar syner at menn i større grad enn kvinner legg vekt på at jobben er interessant og gjevande, medan kvinner legg meir vekt på økonomiske tilhøve. Skilte kvinner har lågare sannsyn for å gå av med AFP relativt gifte kvinner. Er ein gift, spelar gjerne ynskje om meir fritid saman med familien inn på valet om å gå av med AFP. Dersom ein er skilt kan ein ynskje å arbeide lenger sidan ein då ikkje har ein ektefelle som ”trekk ein ut av arbeidslivet”. Som skilt har ein kanskje større sosial nytte av å være i arbeid.1 Økonomiske årsaker kan også være grunn til at skilte har mindre sannsyn for å tidlegpensjonere seg. Disponibel inntekt går ned som AFP-pensjonist og ein einsleg vil ofte merke konsekvensane av det meir enn eit hushald med to inntekter.

For menn har ikkje sivilstatus nokon tydeleg effekt. Dette kan tyde på at menn har ei sterkare tilknyting til arbeidslivet uavhengig av familiesituasjon, medan kvinner si åtferd er meir påverka av familiesituasjon.

Vi har ikkje funne signifikante effektar av pensjoneringsvalet til ektefellen. Tidlegare studiar har vist at det å vera gift og alderen til ektefellen ser ut til å påverke menn og kvinner ulikt. Verknaden er størst for kvinner. Gifte kvinner går av noko tidlegare enn ugifte kvinner, og dei som er gift med ein eldre (2 år eller meir) mann går av tidlegare enn dei som er gift med ein jamnaldrande eller yngre mann (Pedersen, 1997).

Menn som har motteke ei helseyting har større sannsyn for å gå av med AFP enn dei som ikkje har motteke ei slik yting. For kvinner har ikkje dette nokon klar effekt. Midtsundstad (2005) finn derimot at kvinner under pensjoneringsalder legg meir vekt på dårleg helse og at dei kjenner seg meir slitne enn det menn gjer.

Detaljer

PDF

Statistikk

fra
til
Eksport
Last ned full historikk